Kalender

Webkamera

Søk

Velfjord aldersheim 1959

Artikler

Åpning av aldersheim 1959

Av Sigrid Saus

Åpning av aldersheim 1959

Av Sigrid Saus

Til åpningen av aldersheimen i Velfjord 12. juli 1959

Av Sigrid Saus

Krøkte i ryggen av slit og år, med knytte, og stav i hand gjekk dei i legden, frå gård til gård, i gamle dagar, kvinne som mann dei visste – kje betre kår.

Med velkomsten var det vel oftast smått, men dei gamle vørte kje slikt, når dei berre fekk sleppe spe og spott, og folk dei var snille og gjorde si plikt og meinte at alt var godt.

Men tida ho skifter som ver og vind, og rangt kallas mangt som var rett. No går ingen lenger frå grind til grind-«men her sku vori ein stad der det kjentes lett for dei gamle å stiga inn.»

«Enn om vi sette oss eit mål så stort, å bygge dei gamle ein heim. I ein to tre er det ikkje gjort, målet ligg kan hende attom skoddeeim, men skodda kan driva bort».

Så vart det tenkt, og tankar slær rot når det berre finns voksterjord,og så gjekk det framover, fot for fot, ikkje med bragder og store ord, men med tru, og med viljers mot.

Ordtaket om dei bekkane små, det kan ikkje nemnast for titt, for at dei kan gjera den store «å», så sant dei får lov til å strøyma fritt, det har ein ofte fått sjå.

Ei krone her og ei krone hist, det vanta – kje hjartelag, og når det er med frå først til sist, då når ein og målet ein vakker dag, det er no i alle fall visst.

Og målet det nåddes, og dagen han kom- det er som det glitrar og skin og heimen som står her, med rom etter rom, og måtte så trivnad få flytta inn i dei gamle sin eigedom.

Og om det skal settast eit mål igjen, lat målet då verta det at alle, frå nær og frå ytste grend, som kjem hit, må finna ro og fred og heimkjensle smått om senn.

Å skiljast frå alle ting ein har kjær frå den tid ein var ung- ingen kan veta kor vondt det er, som ikkje har freista den lagnad tung, dei orda må sannast her.

Difor skal heimen som står her så fin, slå døra på vidan vegg og ynskja dei gamle velkomne inn, med vårsol og ange av blømande hegg og glede i alle sinn.

Lat det vera takken til alle dem som var med og tok eit tak når det sku ryddast veg gjennom skoddeeim, dei som gjorde det til ei hjartesak å bygge dei gamle ein heim.

Fra fjord til fjell

Diktet står i boka «Fra fjord til fjell 2009», som kan kjøpes hos Velfjord Historielag.
Gjengitt her med tillatelse fra Velfjord Historielag

Del innlegg: